AUF-songboka frå 90-talet og fram til i dag
AUF-songboka frå 90-talet og fram til i dag

Frå og med slutten av 60-talet utvikla AUF ein ganske eigen songkultur. Dei store komponistane i Arbeidarpartiet hadde slutta å skrive, og AUF starta å supplere dei gamle arbeidarsongane med nye politiske viser. Etter kvart begynte også mange AUF-arar sjølv å skrive låter. AUF gav ut songbøker og songane spreidde seg i band og grupper, på kulturkurs og på Utøya.

Slik utvikla det seg ein songkultur som blomstra fram til langt utpå 90-talet. Den siste AUF-songboka blei redigert rundt 1990. På 2000-talet har det vori litt mindre satsing på musikk i AUF, og mange av songane er ikkje lært bort vidare til neste generasjon. Låtene blei ståande i AUF-songboka, men det var lite lyd å finne på nett.

Gjennom å samle inn opptak frå Utøya-veteranar, er AUF-songboka over 60 år på plass, og du har sjansen til å lytte deg gjennom songhistorien – eller å lære deg noko nytt.

Velkomen til den historiske AUF-songskolen trinn 1: Grunnkurset:

1. Vi er AUF-ere

Tekst og melodi: Røde Knuder / Carsten Jensen, omsett frå dansk av AUF-arar

På kulturleiren til AUF sommaren 1981 var det både danske, norske og svenske kulturinstruktører. AUF-arane på viseverkstad omsette låter frå nabolanda. Låta «Vi er AUF-ere» (på dansk «Vi er DSU-ere») blei raskt ein suksess. Ho blei spelt inn av mange Røde buss-grupper, og blei etter kvart den låta som alltid blir syngi i bakken på Utøya:

Røde buss i AUF i Østfold (80-talet):

– Skal vi ha kaffe wienerbrød og egoisme? – Nei!
– Nei, røde faner, sang og sosialisme! – Ja!

⇒ Meir om Vi er AUF-ere

2. Utøya-sangen

Tekst og melodi: Bjørn Sørensen

Utøya-sangen blei syngi allereie på 50-talet. Her er songen i programmet for pinseleiren til Oslo distriktslag av AUF i 1959 (takk til Unni Eidsvold). Dette er sannsynlegvis den første innspellinga av sangen:

«Her kan du være aktiv eller luta lat
men vær deg selv og en god kamerat»

⇒ Meir om Utøya-sangen

3. Victor Jara

Tekst og melodi: Lillebjørn Nilsen

Victor Jara har vori ein av dei mest spelte allsongane på Utøya i alle år heilt frå låta kom på 1970-talet.

AUFs sommarleir i Storsalen i kafebygget på Utøya (2009): Paal Mangerud (Opptak: Jan Morten Hustad)

«På en stadion i Santiago
mistet sangeren Jara sitt liv.
I triumf fjernet bødlene kroppen
og tørket sin blodstenkte kniv.
– Victor Jara, din sviktende stemme
bar høyt over trommenes smell!
Og vi skal love deg aldri å glemme!
Sangfugl fra Chile, farvel!»

Meir om Victor Jara og andre låter om internasjonale emne

4. Slå en ring om vår røde fane

Tekst og melodi: Bjørn Sandnes, 4 vers: Anne Line Sandnes

22. juli er ikkje første gong nokon har forsøkt å skade arbeidarrørsla med terror. I 1979 blei ein bombe kasta inn i i 1.-maitoget. Då skreiv AUF-aren Bjørn Sandnes Slå en ring om vår røde fane. Songen er syngi mykje sidan då, og blei viktig for mange – som eit svar å halde seg fast i etter 22. juli. Som statssekretær Eirik Øwre Thorshaug sa i ein tale i 2011: «I arbeiderbevegelsen har vi sterke sangtradisjoner. Etter 22/7 var det mange av oss som tok til oss teksten fra arbeidersangen “Slå en ring om vår røde fane”. Der heter det: “Mot hatet kjemper vi med ord”.»

Med Youngstorgets basar:

«Ingen bombesmell skal få oss til å glemme.
Ingen trusler skal oss skremme.
Vi skal stå på vakt.
Mot hatet kjemper vi med ord.
Og den kampen skal vi seire
så en dag vi kan feire
at hakekorset igjen har fallt til jord.»

Etter 22. juli skreiv Anne-Line Sandnes eit nytt fjede vers. Det blei presentert av rockekoret NEOpluss då Utøya-veteranane samla seg 22. juli 2012 i Samfunnssalen. Opptaket under er frå konsert med NEOpluss i 2016:

«Vi trodde kampen var forbi
da skudd og bomber fikk oss til å skjelve.
De rammet oss i selve
vårt lands demokrati.
Men vi står fast og vi står rak.
Denne dag skal aldri glemmes.
Alle skjebnene skal gjemmes
i hjertene, men også for vår sak»

⇒ Heile teksten
Meir om Slå en ring om vår røde fane og andre låter om antirasisme

5. Ellinors vise

Tekst: Klaus Hagerup. Melodi: Sverre Kjeldsberg

Røde buss i AUF i Østfold (80-talet):

«Æ drømme at vi får en vår
da undertrøkkinga på jorda stanse.
Ei ny tid kommer sjøl om fjællan står
og det blir like fint å jobbe som å danse!»

Heile teksten og grep
Meir om Ellinors vise og andre songar om arbeid

6. Virvelstevet

Tekst: Alf Henriksen, melodi: Tom Reksjø

Virvelstevet er den mest kjende likestillingslåta i AUF. Eigentleg handlar låta vel så mykje om å bli utnytta på arbeid.

Fra AUF-plata En ild for fred og frihet:

«Som ei kaffekvern gjør du jobben din
hever lønna di og jobber overtid
Selger kroppen selger hu’e til et kompani
Som profiterer på deg i di arbeidstid
Du er ei mjølkeku, men det kan vi snu
og det ska vi gjørra jeg og du»

⇒ Resten av teksten og besifring er her
Meir om Virvelstevet og andre likestillingssongar

7. Til ungdommen

Tekst: Nordal Grieg. Melodi: Otto Mortensen

«Det å sitte rundt leirbålet på min aller første Utøya da jeg var 16, og møtte mange av dem som har blitt mine beste venner. Vi sang hele natta, ofte. På en stadion i Santiago, om den chilenske kampsangeren Victor Jara, AUF-sangen og Til ungdommen.»

Etter 22. juli blei låta enno viktigare. Ho blei syngi av ei av dei som svømde for livet 22. juli – for å overdøve lydar frå øya, og ho blei brukt i minnemarkeringar.

Spelt inn av Røde buss fra AUF i Hedmark i 1983:

«Kringsatt av fiender, gå inn i din tid!
Under en blodig storm – vi deg til strid!
Kanskje du spør i angst, udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med hva er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd:
troen på livet vårt, menneskets verd.
For all vår fremtids skyld, søk det og dyrk det,
dø om du må – men: øk det og styrk det!»

Heile teksten
Meir om Til ungdomen og andre viktige songar etter 22.-juli

8. Internasjonalen

Fransk tekst av Eugene Pottier, melodi av Pierre Degeyter. Norsk tekst av Olav Kringen

Internasjonalen er den songen som er felles for arbeidarrørsla verda over. Den avsluttar viktige møte. Og den skal syngjast ståande – med lua av.

Frå plata AUF synger (1976):

«Opp, alle jordens bundne trelle!
Opp I, som sulten knuget har!
Nå drønner det av rettens velde,
til siste kamp det gjøres klar.
Alt det gamle vi med jorden jevner:
Opp slaver, nå til frihet frem!
Vi intet var, men alt vi evner,
til rydning for vårt samfunnshjem
Ref:
Så samles vi på valen
Seiren vet vi at vi får
Og internasjonalen
skal få sin folkevår
Så samles vi på valen
seiren vet vi at vi får
Og internasjonalen
skal få sin folkevår»

Heile teksten og besifring
Meir om internasjonale sangar

⇒ Vil du dra ein allsong rundt bålet eller i bakken? Gå til AUF-songskolen trinn 2. Her er 19 songar alle kan klare å synge med på – som alle er brukt i AUF gjennom tidene.

⇒ Klar for å kunne alt om AUF-song gjennom tidene? Gå vidare til AUF-songskolen trinn 3: imponere rundt leirbålet.

 

Advertisements