Rundt 1980 var det mange AUF-arar som visste kva Biopopen var. Låta blei komponert og syngi av AUF-arane Kenneth Øie og Gunnar Green, her framført av Ivan Sundal:

Hit nummer to frå same gjengen – Legenden Om John W. Hinckley – ein Utøya-slager på 80-talet, framført av Ivan Sundal (i 2015)

 

Gunnar Green var på 80-talet den AUF-aren som tolka Wiehe-songar til jubel frå andre på leir. Då vi trong eit lydspor av Gunnar som song Wiehe, tok han like godt og omsette Sang till modet til norsk – og song han inn som ei helsing til AUF-arane som tar øya tilbake:

Sang till modet / Sang te motet

Tekst og melodi: Mikael Wiehe

«Her e ein sang te motet,
te latter, håp og smil,
te dæm som trur på kjærlighet
mens hatet gir oss tvil,
Te aill dæm som slår sæ sammen,
til all som sei ifra
og sjølv om det er vanskelig
så sei dæm tross ailt ja.»

⇒ Heile teksten på norsk og svensk

Gunnar og Kenneth blei med under oppstarten av AUF-koret NEOpluss . Her song Gunnar solo på to Wiehe-låter:

Natten

Tekst og melodi: Mikael Wiehe og Bjørn Afzelius, om mordet på Olof Palme.

Spelt inn av AUF-koret NEOpluss rundt 1988.

«Ditt blod låg kvar på gatan
som en spegel blank och ren.
Där fremtiden blev synlig
för den som kunde se»

Tekst og akkordar på Bjørnafzelius

Som en duva

Tekst og melodi: Mikael Wiehe

Opptak under øving i AUF-koret NEOpluss rundt 1988 (solo: Gunnar Green):

«Den kom som en jagad om natten
En flykting från främmande land
Som en som har räddat sig undan
När alla de andra försvann»

⇒ Tekst og akkordar på Chordie

Ivan Sundal song mange av låtene til Gunnar og Kenneth. Han vann i tillegg låtkonkurransen til AUF i 1984 med:

Det nytter å si fra

Tekst og melodi: Ivan Sundal

Vinnaren av AUFs songkonkurranse i 1984, spelt inn av AUF (Produsent: Bjørn Sandnes):

Ivan var også aktiv i NEOpluss og i kvartetten 4 vise menn og kvinner.

Her syng Ivan solo med NEOpluss:

Berre liv

Tekst og melodi: Åge Aleksandersen

Konsertopptak av AUF-koret NEOpluss, Konserthuset (1990). Solo: Ivan Sundal

Advertisements