Utøya er ein av dei viktigaste plassene i norsk historie. Utøya er ei over 60 år lang historie om ungdom som samlar seg. Ei soge om fellesskap og inkludering og om kamp for eit betre samfunn. All denne historien er ikkje berre snakka. Den er også syngi.

Frå og med slutten av 60-talet utvikla AUF ein ganske eigen songkultur. Dei store komponistane i Arbeidarpartiet hadde slutta å skrive, og AUF supplerte dei gamle arbeidarsongane med nye politiske viser. Mange AUF-arar begynte sjølv å skrive låter. AUF gav ut songbøker og songane spreidde seg i band og grupper. Utøya var hjartet i denne songkulturen.

Den siste AUF-songboka blei redigert rundt 1990. På 2000-talet har det vori litt mindre satsing på musikk i AUF, og mange av songane er ikkje lært bort vidare. Låter er blitt ståande i AUF-songboka, men det var lite lyd å finne på nett. Gjennom å samle inn nær to hundre opptak frå Utøya-veteranar, er ei historisk AUF-songbok med 100 songar på plass. Og du har sjansen til å lytte deg gjennom songhistorien – eller å lære deg noko nytt.

I menyen øvst kan du finne dei hundre låtene etter emne. I søkjefeltet til høgre kan du søkje etter songar eller artistar. Eller du kan starte med AUF-sangskolen der vi har vald ut det vi synst er dei aller finaste:

AUF-songskolen – trinn 1: Grunnkurs

⇒ AUF-songskolen – trinn 2: Dra ein allsong

⇒ AUF-songskolen – trinn 3: Imponere rundt leirbålet

Bakgrunn

Låtene er samla av nettverket av Utøya-vetaranar. Det starta med at vi song oss gjennom dei første dugnadane på Utøya sommaren 2013. Vi merkte at vi trong songen og at den bann oss ihop. Sjølv om vi kom frå heilt ulike generasjonar, hadde vi dei same songane inne. Så starta vi å rote rundt på internett, på leit etter lyd og tekst, men av musikk var nær ingenting å finne. Vi forsto vi hadde ein skatt å redde.

Alt nettet ikkje kunne by på, har vi rota fram og finni på loft og i kjellarar. Eller sett på mikrofonen og syngi inn på nytt. Så då ein kunststudent i 2014 ville lage eit prosjekt om song på Utøya, kunne vi sende mange titals lydspor, plater og songbøker. Sidan då blei lydspora berre fleire og fleire. No er det blitt ei stor skattekiste av 100 songar som alle har forankring i AUF.

I 2015 blir det leir på Utøya. Igjen. Dette er eit kjærleiksbrev frå Utøya-veteranar til den plassen og tradisjonen vi er stolte av. Og det er vår song til motet til AUF-arane i dag:

Sang te motet av Mikael Wiehe – omsett og syngi av Gunnar Green, Utøya-trubadur på 70/80-talet:

“Her e ein sang te motet,
te latter, håp og smil,
te dæm som trur på kjærlighet
mens hatet gir oss tvil,
Te aill dæm som slår sæ sammen,
til all som sei ifra
og sjølv om det er vanskelig
så sei dæm tross ailt ja.”

Heile teksten på norsk og svensk

Tusen takk til veteranane Bjarne Christiansen, Vigdis Fossum, Bjørn Tore Moen, Jan Morten Hustad, Paal Mangerud, Bernt Torp, Tore Hagebakken, Geir Waage og Jan Terje Kristiansen som har leita og finni! Takk Steinar Kjernli, Guttorm Lyshagen, Ivan Sundal, Gunnar Green, Freddy Jacobsen, Jørgen Helle Glenster og Heidi Røneid som har blitt med og syngi det vi ikkje fann opptak av. Og takk til fagrørsla, somTømrer og byggfagforeningen, som held songtradisjonen levande og har gjort det enklare å finne songtekstar på nett.

PS: Denne sida er eit dugnadsprosjekt. Kan du hjelpe til med å gjere ho betre? Skrive ned songtekster vi kan leggje inn? Skrive og rette omtalar av grupper? Har du lydspor som burde ha vori med? Kontakt oss via Utøya-veteranane på Facebook!

“Sangene spleiser folk og er et viktig lim for fellesskapet og en alternativ måte å uttrykke sine meninger og følelser om ulike temaer – i motsetning til saklig politisk argumentering i et møteforum. Sangen kommer til å fortsette å være viktig, det gjelder bare for ledelsen å ta lærdom av hva tidligere tiders ledere i AUF hadde av bevissthet om sangens kraft.” (Ivan Sundal)

Anne Marit Godal og Tove Lise Granli – Utøya-veteranane